Tenkte kreativt – fann optimal løysing for sykkelparkering

Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

Tekst Tonje Askim og Inger Johanne Sæterbakk Foto Nadia Frantsen

I enden av passasjen i bakgarden til Det Norske Teatret midt i Oslo sentrum, ved sceneinngangen til teateret, er det no plass til 82 syklar. Som alle kan bli låst trygt i ramma, og stå under tak. Slik har det ikkje alltid vore.

– Før var det berre plass til 40 syklar her ute, som berre kunne bli låst i forhjulet, fortel Fredrik Jansson. Han er vaktmeister ved Det Norske Teatret.

Fikk støtte til sykkelparkering: Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

– Det er klart at det blei for gammaldags. Fleire og fleire av våre tilsette syklar til jobb, og mange har gjerne dyre el-syklar. Da må dei kunne parkere sykkelen trygt.

– Optimal løysing

Med eit aukande tal syklar var det behov for fleire plassar, og altså nødvendig å skifte ut sykkelstativa ute. Samtidig ønskte dei å få plass til fleire syklar i det eksisterande garasjeanlegget.

Dame foran sykler
Smart reise
Har sykkelparkering til 400 – kun 20 parkeringsplasser til bil

– Ein gammal garasjekjellar og ein trong bakgard er ikkje det enklaste å innreie for moderne sykkelparkering. Når vi ikkje har all verdas plass, gjeld det å tenke kreativt, seier Lisbeth Aasland, driftssjef og HMT-ansvarleg ved Det Norske Teatret.

Ho og vaktmeister Fredrik Jansson sette dermed i gang med grundig research.

– Det finst så mykje nytt og moderne no. Men dette passar ikkje nødvendigvis når vi ikkje skal bygge nytt.

Fleire firma kom på synfaring, men ingen av løysingane desse kom opp med var gode nok. Aasland og Jansson måtte dermed sjølv fram med planteikningar og mål. Dei rekna og teikna – og feila mange gonger.

– Men til slutt fann vi den optimale løysinga for oss.

Brukarvennleg

I bakgarden enda dei med ei stativløysing som kunne vinklast 45 grader på skrå. Det gjer at syklane tar mindre plass.

Fikk støtte til sykkelparkering: Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

Lisbeth Aasland er driftssjef og HMT-ansvarleg ved Det Norske Teatret. Foto: Maiken Mathisen

– Stativet er veldig brukarvennleg. Du set forhjulet inn, så får sykkelen støtte, samtidig som du kan låse gjennom ramma på sykkelen, fortel Lisbeth Aasland.

Brukarvennlegheit blei også avgjerande i garasjen. Tidlegare var det totalt plass til 19 syklar her.

– Med den nye løysinga fekk vi utvida til 32 plassar på det same arealet. Samtidig valde vi å fjerne tre biloppstillingsplassar, som gav plass til ytterlegare 24 syklar.

Dermed er det no plass til heile 56 syklar i teaterkjellaren. Korleis blei det mogleg?

Fikk støtte til sykkelparkering: Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

No er det plass til heile 56 syklar i teaterkjellaren.

– Vi gjekk for stativ i to etasjar med ei kraftig gassfjær som gjer det enkelt å heve sykkelen opp. Han blir løfta omtrent av seg sjølv. Det er heilt avgjerande at det er enkelt for at folk skal gidde å bruke stativa, seier Aasland.

Populært blant tilsette

I kjellaren er det hengt opp skilt med informasjon om korleis stativa fungerer. Det er vaktmeister Jansson som sjølv har montert alt saman, både ute og inne.

– Vi må sjølvsagt gi litt opplæring. Men dei tilsette hjelper kvarandre også.

Dame som sykler
Smart reise
Gjør det enkelt å gå, løpe eller sykle til jobb

Tilbakemeldingane frå dei som syklar til jobb er positive, og sykkelstativa blir godt brukte.

– Folk seier det kjennest mykje tryggare å parkere sykkelen no. Vi kunne sikkert hatt enda fleire plassar også, men dette er ein god start.

Driftssjefen meiner potensialet for betre sykkelparkering generelt i området, er stort.

– Mange av nabobedriftene kunne nok også vore meir kreative og utnytta plassen betre, meiner ho, og fortel at dei fine stativa til Det Norske Teatret også er populære blant tilsette i andre bedrifter.

Fikk støtte til sykkelparkering: Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

Med ei stativløysing som kan vinklast 45 grader på skrå tar syklane mindre plass.

Ønsker seg anlegg

Det har lenge vore eit godt sykle-til-jobb-miljø i Oslo, og med pandemien blei det enda meir aktuelt. Folk vil gjerne unngå kollektivt, og komme seg rundt aleine.

– Eg tippar det blir stor pågang til hausten når vi opnar igjen. Mange fleire syklar jo også på vinteren, med piggdekk, seier Lisbeth Aasland, som gler seg til enda fleire vil ta dei nye stativa i bruk.

I den gamle kjellaren er det førebels ikkje rom for moderne sykkelanlegg, der ein kan spyle og stelle sykkelen, og dusje og skifte før jobb.

– Men det står på ønskelista, understrekar HMT-ansvarleg, og fortel at Det Norske Teatret jobbar systematisk med miljøarbeid. Kjeldesortering er for eksempel eit anna fokusområde.

Aasland hadde fått med seg dei ulike støtteordningane til Oslo kommune.

– Det var veldig enkelt å søke, og tilsegna kom raskt. Ein utruleg positiv prosess. Eg vil absolutt tilrå andre å gjere det same som oss, seier Lisbeth Aasland.

Fikk støtte til sykkelparkering: Slik fekk Det Norske Teatret plass til over dobbelt så mange syklar som dei hadde før.

I teaterkjellaren gjekk vaktmeister Fredrik Jansson for stativ i to etasjar med ei kraftig gassfjær som gjer det enkelt å heve sykkelen opp.

Nesten 3000 nye sykkelparkeringsplassar

Det Norske Teatret fekk innvilga tilskot under ordningane Trygg sykkelparkering på jobb og Vrakpant for parkeringsplass.

Ordninga for sykkelparkering blei oppretta i august 2019, og rundar to år over sommaren.

Klimatilskudd

– Sidan lanseringa har vi gitt 73 tilsegner på til saman ca. 3,3 millionar kroner. Tilsegnene fører til nesten 3000 nye sykkelparkeringsplassar i heile byen, fortel Bergljot Tjønn, som er teknologirådgivar i Klimaetaten.

Ordninga er mest populær i sentrumsbydelane, men blir også brukt i dei andre bydelane. Prosjekta har ulik størrelse: Den minste tilsegna er på 3550 kroner, som betyr at kostnaden for prosjektet er på 17 750 kroner. Dei største tilsegnene er på 100 000 kroner, som betyr at kostnaden for prosjektet er på minst 500 000 kroner.

– Sidan lanseringa har ordninga blitt meir populær. Hittil i år har vi gitt meir i tilsegner gjennom ordninga enn vi gjorde i heile fjor, seier Tjønn.

Med ordninga ønsker Klimaetaten at fleire skal få høve til å parkere sykkelen sin trygt og tørt.

– Det kan kanskje senke terskelen for å kjøpe seg elsykkel eller lastesykkel, fordi du slepp å bekymre deg for at sykkelen skal bli stelt.

HER kan du søke om tilskot for å etablere trygg og tørr parkering for syklar på jobb.

 

Slik finn du riktig sykkelstativ:

Her er tipsa frå Det Norske Teatret:

  • Ver kreativ! Med eldre bygg blir ein veldig lett låst til gamle løysingar, men det er mye ein kan gjere med plassen ein har.
  • Gjer grundig research! Leit litt ekstra, og set deg godt inn i kva som finst på marknaden.
  • Sjå på arealet du har, og vel riktig stativ. Truleg må ulike område ha ulike stativ.
  • Du kan få plass til mange fleire syklar enn du trir, for eksempel ved vinkling på stativet eller fleire etasjar.
  • Vi gjekk for modellane Optima og Delta frå Cyklos.
  • Sjekk støtteordningane til Oslo kommune og søk i god tid, da det kan vere lang leveringstid på stativa.